I år er vi så heldige at vi har fått ein tangomusikar i verdsklasse til å kome frå Argentina: Bandoneonisten Matías González. Dette vil de ikkje gå glipp av!
Tangofestivalen i Volda 2013 var ein så stor suksess at vi satsar på ny festival til neste år. Då kan dei som har lært seg å danse litt få prøve seg på eit vidareføringskurs, medan dei som ikkje fekk prøvd seg i år får høve til å lære det grunnleggjande på eit nybyrjarkurs.
Også i 2014 ser vi fram til konsertar med mykje flott musikk og dans. Høyr lydopptak frå Tangofestivalen i Volda 2013 her. Sjå bilete og avisklipp. Heile programmet og mykje meir frå Tangofestivalen 2013 finn du under arkiv>Tangofestivalen i Volda 2013. |
Fredag 31. januar:
15.00-17.00: Tangoverkstad med Matías González Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen 18.00: Kurs i tangodans (nybyrjarkurs) Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen 21.00: Konsert med Matías González Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen Pris: kr 150 / 100 Laurdag 1. februar: 11.30: Konsert med Morten Bollerud Stad: Volda omsorgssenter 12.00-14.00: Tangoverkstad med Matíaz González Stad: Samfunnshuset, salen nede 14.30: Ivar Aasen og Tango - Kafékonsert med Tangolauget Tango i tradisjonell argentinsk/uruguayansk stil tonesett av Øyvind Aspenes Robak med tekst av Ivar Aasen. Stad: Mylnå Gratis inngang 16.00: Kurs i tangodans (Nybyrjarar, dag 2) Stad: Samfunnshuset, salen nede 18.00: Kurs i tangodans (vidareføringskurs) Stad: Samfunnshuset, salen nede 20.00: Milonga/avslutningsfestkonsert Stad: Samfunnshuset, salen nede Pris: kr 250/150 (Rabatt for dei som er med på kurs i tangodans: sjå "kurs i tangodans") Sundag 2. februar: 11.00: Tango-gudsteneste Stad: Volda kyrkje Med atterhald om små endringar |