Tangofestivalen i Volda 2014
  • Heim (Attende)
  • Program
  • Kurs i tangodans
  • Tangoverkstad med Matías González
  • Festivalmusikarar
  • Kontakt
  • Overnatting
  • Sponsorar
  • Lenkjer
  • Arkiv
    • Tangofestivalen i Volda 2013
    • Avisklipp
    • Bilete
    • Video
    • Lyd
    • Program
    • Dansekurs

Tangofestivalen i Volda
31. januar - 2. februar 2014

Photo

I år er vi så heldige at vi har fått ein tangomusikar i verdsklasse til å kome frå Argentina: Bandoneonisten Matías González. Dette vil de ikkje gå glipp av!

Matías González vil spele konsertar og halde kurs i tangomusikk. Her kan ein melde seg på anten ein har spelt tango før eller ikkje. Ein vil bli sett i grupper med andre påmelde. Dette er det verd å reise langt for å få med seg! Vi kan sende notar på førehand. Litt av dette kan verte framført på avslutningskonserten laurdag 1. februar.

På festivalen vil det vere  konsertar og dansekurs både for nybyrjarar og vidarekomne. Danseinstruktørane er i år som i fjor Ragnhild Førde og Guro Hustad Stugu, begge frå Trondheim Tangoklubb. I tillegg til Matías González vil de få høyre Tangolauget med fleire.

Photo
Tangofestivalen i Volda 2013 var ein så stor suksess at vi satsar på ny festival til neste år. Då kan dei som har lært seg å danse litt få prøve seg på eit vidareføringskurs, medan dei som ikkje fekk prøvd seg i år får høve til å lære det grunnleggjande på eit nybyrjarkurs.

Også i 2014 ser vi fram til konsertar med mykje flott musikk og dans.

Høyr lydopptak frå Tangofestivalen i Volda 2013 her. Sjå bilete og avisklipp. Heile programmet og mykje meir frå Tangofestivalen 2013 finn du under arkiv>Tangofestivalen i Volda 2013.



Fredag 31. januar:
    15.00-17.00: Tangoverkstad med Matías González
    Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen

    18.00: Kurs i tangodans (nybyrjarkurs)
    Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen
   
    21.00: Konsert med Matías González
    Stad: Aulaen i Kårstadbygget på Høgskulen
    Pris: kr 150 / 100

Laurdag 1. februar:
    11.30: Konsert med Morten Bollerud
    Stad: Volda omsorgssenter
  
    12.00-14.00: Tangoverkstad med Matíaz González
    Stad: Samfunnshuset, salen nede
   
    14.30: Ivar Aasen og Tango - Kafékonsert med                     Tangolauget
     Tango i tradisjonell argentinsk/uruguayansk stil tonesett     av Øyvind Aspenes Robak med tekst av Ivar Aasen.
    Stad: Mylnå
    Gratis inngang 


    16.00: Kurs i tangodans (Nybyrjarar, dag 2)
    Stad: Samfunnshuset, salen nede

    18.00: Kurs i tangodans (vidareføringskurs)
    Stad: Samfunnshuset, salen nede

    20.00: Milonga/avslutningsfestkonsert
    Stad: Samfunnshuset, salen nede
    Pris: kr 250/150   
    (Rabatt for dei som er med på kurs i tangodans: sjå "kurs i     tangodans")

Sundag 2. februar:
       11.00: Tango-gudsteneste
        Stad: Volda kyrkje










Med atterhald om små endringar
Con tecnología de Crea tu propio sitio web único con plantillas personalizables.