Tangofestivalen i Volda 2014
  • Heim (Attende)
  • Program
  • Kurs i tangodans
  • Tangoverkstad med Matías González
  • Festivalmusikarar
  • Kontakt
  • Overnatting
  • Sponsorar
  • Lenkjer
  • Arkiv
    • Tangofestivalen i Volda 2013
    • Avisklipp
    • Bilete
    • Video
    • Lyd
    • Program
    • Dansekurs

Kurs i tangodans
Påmeldingsskjema finn du nedst på sida

    Imagen
    Guro Hustad Stugu er ein erfaren tangodansar som etter mange år som instruktør i Stockholm, no har flytta heim til Trondheim. Guro meistrar både rolla som fylgjar og førar med glans, og er svært interessert i korleis kroppen vår fungerer og dei facsinerande samanhengane den har. Ragnhild Førde, som har røter i Austefjord, vart bitt av tangobasillen under eit praksisopphald i København, og har sidan det vore lidenskapeleg oppslukt. Ragnhild har alltid hatt eit intuitivt forhold til tangoen, og i undervisinga freistar ho å kombinere konkrete instruksjonar med bilete og opplevingar som skapar sjølve dansen. Saman er Guro og Ragnhild fyrst og fremst opptekne av å formidle glede i dansen, og at dei saman med kursdeltakarane skal finne inspirerande vegar inn til tangoverda.

    Nybyrjarkurset er tenkt for deg som er nysgjerrig på tango og ynskjer ei grunnleggjande innføring. Kurset passar både for dei som har kort eller lang erfaring frå sving, folkedans etter rockeføtter, og for dei som aldri har satt sin fot på eit dansegolv før. Om du var med på kurset i fjor, men treng litt oppfrisking, kan du melde deg på begge kursa i år. Då får du rabatt på det eine (ta kontakt for detaljar.

    Temakurset er tenkt for deg som har dansa tango ei stund og som ynskjer påfyll og inspel til dansen. Vi vil jobbe med det lause beinet både hjå førar og fylgjar, og sjå på korleis basisteknikk dannar grunnlaget for meir avanserte rørsler som ornament og boleos.
    Påmelding til dansekurset kan sendast via kontaktskjemaet nedanfor, (eller til oyvind@montevideo.com.uy).



    Prisar:
    Nybyrjarkurs (2 x 1,5 timar)
    Vaksne: kr 500
    Studentar: kr 250
    Dansekurs + milonga/avslutningskonsert med dans laurdagskvelden og natta: totalt kr 600/350.

    Vidareføringskurs: (1 x 1,5 time)
    Vaksne: kr 300
    Studentar: kr 200
    Temakurs + milonga/avslutningskonsert med dans laurdagskvelden og natta: totalt kr 400/300.

    På laurdagskvelden, etter kurset, vil ein få høve til å danse til levande musikk utover natta med tonar frå ulike, dyktige tangomusikarar frå fjern og nær. Om ein ikkje vil danse vil det òg verte høve til å nyte musikken utan å danse og slik få ei rein konsertoppleving.

    Inngang (avslutningskonserten/milongaen): kr 250/150 .
    Imagen
    Imagen

    Påmelding:

    Skriv: Namn på påmelde, kva kurs det gjeld (nybyrjarkurs, vidareføringskurs), vaksen/student, evt andre spørsmål/opplysingar.
Send
Con tecnología de Crea tu propio sitio web con las plantillas personalizables.